sivilarkitekt mnal arne ingvaldsen

Nedre Strangehagen 4b, 5011 Bergen. 
Tlf. 55 23 18 29 Mob 412 53 721 E-post
arnearkitekt@gmail.com
 

 
 

Villa i Os

 
start
galleri
profil
kunst
kontakt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
PROSJEKT PR. 2011

Enebolig på skogstomt. Utsyn i sektor frå aust til sørvest.
Ein plan som følgjer lyset gjennom døgnet og årstidene.
Ei form som famner hovudtrekka i situasjonen.

 

 

 


Garasje i underetasjen gir bu- og uteareal høgare i terrenget, slik at lyset og utsikta blir varetekne.

Husets rom åpnar seg mot lyset, frå tidleg morgon på austsida (soverom og kjøkken, morgonterrassen), over middag til sein ettermiddag mot sør og sørvest (stove, gjesterom, ettermiddagsterrassen).

 

 
Lysets gang frå aust til sørvest blir fanga opp på ulike vis (hjørnevindu i stort soverom, skyvedører i kjøkken mot uteplass, vindusband i karnappet ved spisebordet, høge vindu i stova, og skyvedører mot ettermiddagsterrassen).

Planløysinga er elastisk.
Huset fungerer for eit stort hushald (4-5 soverom). Men det kan også brukast av til to mindre hushald berre ved å lukke døra i korridoren i soveromsavdelinga. Ombyggingar er derfor ikkje nødvendig når livssituasjonen endrar seg.

Tunet på hovudplanet kan nåast med bil. Planen er tilgjengeleg for brukarar av rullestol.

 


 

 


Fasade mot aust

 


 

 


Stove og spiseplass. I bakgrunnen kjøkkenet.

 

 

 


Siktlinje frå spisebordet gjennom stova og ut til ettermiddagsterrassen

 

 

 

Fasade mot vest
 

til topp side

Ettermiddagsterrassen